Konkurranseperiode:

Start 9. april kl. 00:00
Slutt 31. oktober kl. 24:00

Stord-Fitjar Turlag startar i 2020 opp med Trimpoeng-konkurranser for alle turglade i Stord og Fitjar kommune.

Følgjande konkurranser er tilgjengelege:

Lagkonkurranse:

Familietrimmen: Ein familie er definert som ein/to vaksne pluss barn i husstanden (inntil 18år). Sum poeng pr. familie.

Som det går fram av namnet, er familietrimmen ein lagkonkurranse som er meir tilpassa heile familien. Her er mange flotte turmål som det er mogleg å besøkja.

Ved påmelding må du velge å starte eit lag, eller å delta på eit eksisterande lag.

Dersom du startar eit lag blir du automatisk lagleiar, og får tilsendt ein kode til bruk for andre som du vil ha med på ditt lag.

Skal du delta på eit lag må du bruke kode du får frå lagleiar.

Individuell deltaking:

Definert som ein person. Alder ingen begrensning.

Du kan som individuell deltaker organisere deg som eit lag saman med andre, eller delta på eigahand.

 

NB! Anbefalingar frå helsemyndigheter skal overhaldast.

 

Konkurransar:

  1. Sum poeng individuell
  2. Sum poeng lag
  3. Flest ulike turmål

 

Premiering:

Det blir fortløpande trekt gåvekort frå våre sponsorar til alle deltakarar som gjennom innsats viser at dei er aktive og går på tur.

 

Om konkurransen: 

For å få poeng må ein registrera seg på ein eller fleire av innsjekkspunkta/turmåla som er beskrevet i topptrimmen. Når du er på innsjekkspunktet, vil det vera mulig å "sjekka inn" (innsjekksknappen blir grøn). Du vil då bli kreditert for å ha nådd innsjekkspunktet/turmålet.

Turmåla som gir poeng er i stor grad lagt ut langs rundturane som du finn på Stord-Fitjar turlag sitt kart og på UT.no. I tillegg vil det væra enkeltståande turmål. 

 

TIPS

- Åpne appen og trykk på posten du ynskjer å gå til, FØR du starter turen (eller der du veit det er god dekning). 

- Sjekker du inn på ein post utanfor mobildekning, får ein melding om at poenga vil bli oppdatert i Trimpoeng når telefonen kjem innafor dekningsområde igjen. Det er her viktig å ikkje avslutte eller logge ut av appen. Dersom appen fortsatt "henger" skal du åpna turmålet ein gong til for at registreringa skal sendast på nytt.

- Det går 8 timar før ein får registrert same turmål ein gong til. 

Dersom du har problem med registrering av turmålet, kan dette vera årsaken:

- Eldre telefon med utdatert programvare ( eks. iPhone 4, der programvare oppdatering ikkje er mogleg lenger) 

- Varierende GPS-signaler

- Husk å slå på stedstjenester på telefonen/appen i innstillingane

 

Kontakt oss:

Har du problemer med registrering av postar, eller har andre spørsmål send ein epost til stordfitjar.turlag@dnt.no

Gjeld det problem med registrering må du leggje ved bilde av deg sjølv og turmålet.

 

Se oversikt over alle turmål

Mest aktive turgåere de siste syv dagene