SommarTrimTysnes2021 er aktiv i appen Trimpoeng frå 1. mai til 31. august 2021.

Sommartrimmen vert arrangert av BKK Breiband avd. Tysnes saman med Tysnes Treningssenter og Svingen Puls.

Alle som deltek får trimpoeng og kan vinna flotte premiar! 

Trekning mellom alle som har registrert minst 10 innsjekk pr mnd:

Mai 2021: Gåvekort frå Kompasset        

Juni 2021: Gåvekort frå Mandelhuset     

Juli 2021:  Gåvekort frå Haaheim Gaard 

 

Trekning mellom deltakarar som er innom alle turmåla i løpet av sesongen:

Gåvekort hos Tysnes Treningssenter, kr 1000,-  

 

Trekning blandt dei ti høgste poengsummane:

Gåvekort hos Svingen Puls, kr 1000,-   

Det kan dukka opp ekstra tilleggspoeng og konkurransar på enkelte turmål i løpet av sommaren, deltakarar får melding om dette på epost eller sms :-)

For å få poeng må ein nå eit eller fleire av turmåla i SommarTrimTysnes.

Når du er nær målet vil det vera mulig å "sjekka inn" og poenga blir registrert. Du får også poeng på gruppetimar hos Tysnes Treningssenter og SvingenPuls! Kontakt instruktøren på treninga :-)

Deltakaravgift kr 50,- (betaling er i appen Trimpoeng)

Tips for registrering av turmål:
- Start appen (ref. "Hvordan bli med") og trykk på posten du ynskjer å gå til, FØR du startar turen (eller der du veit det er god dekning).
- Du må venta 8 timar før du får registrert same turmål ein gong til.

Dersom du har problem med registrering av «innsjekk» kan dette vera årsaka:

- Du startar appen først når du er ved posten og mobiltelefonen slit med nedlastning av pga. dårleg dekning
- Varierande GPS-signal
- Posisjon/stadtenester i innstillingar for for mobilen er slått av
- Eldre telefon med utdatert programvare

Send epost til ein av oss viss du får problem med registrering av postar:

post@svingenpuls.no 

kontakt@tysnestreningssenter.no

breiband@bkk.no

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #sommartrimtysnes

Mest aktive deltakere de siste syv dagene