Vaksdal Turlag

Meld deg på

Velkommen til Vaksdal Turlag Fjelltrim 2020!

Vaksdal Turlag har tatt over stafettpinnen etter Bergsdalen Opp med å arrangere Trimpoeng-konkurranse i Vaksdal Kommune. Vår visjon er å få folk ut i naturen, og vi har valt å lage ein litt annleis konkurranse med fokus på korte og lange fjellturar. 120 turmål i og rundt Vaksdal Kommune viser fram alt frå småturar i nærmiljøet, gamle stølar og høge toppar. Vi håpar å motivere flest mogeleg til å besøke nye turmål i den flotte kommunen vår!

Poeng samlar du på kvart turmål du sjekkar inn på. I år er det fire ulike graderingar på poeng, 10, 20, 30 og 40 poeng. Du kan sjekka inn på same turmålet 8 timar etter forrige innsjekk. Her kan ein bruka den lokale trimturen til innsjekk kvar dag. Ja, til og med ein morgontur og ettermiddagstur same dagen.

Det er gratis å delta i konkurransen. Det einaste du må gjere, er å laste ned Trimpoeng-appen på telefonen din og registrere deg på aktuell konkurranse.

Når det kjem til premiering har me valt å dele opp i 2 kategoriar, ein for barn og unge opp til 16 år (blir 16 i løpet av året 2020) og ein for vaksne. I kvar kategori kjører me to ulike konkurransar; flest poeng og flest ulike turmål. Me sett opp 3 premiar i kvar kategori, då sjølvsagt til dei 3 beste.

Alle som klarer å sjekke inn på alle dei 120 turmåla i løpet av konkurranseperioden frå 10. mai til 30. september vil bli premiert (også dersom det er fleire enn 3, som da også sjølvsagt har vunnet konkurransen på flest turmål). I tillegg vil vi trekke 10 premiar på tilfeldige innsjekk blant dei som har over 200 poeng ved konkurranseslutt.

På kartet under finn du ei oversikt over kor turmåla er plasserte. Dei alle fleste er innanfor Vaksdal Kommune, men i tillegg er det poeng på DNT-hyttene i vårt område, samt nokon turmål der Vaksdal Turlag arrangerer fellesturar i løpet av året. Peik på markøren for å få namnet. Gå på "Turmål" i menyen for startpunkt, turbeskrivelse, kart og eventuelt bilde av turmålet.

Me registrerer at folk er ivrige og melder inn forslag til nye turmål, dette syns me er heilt supert. Me tar med oss forslaga inn i ein eventuell ny runde med trimpoeng til neste år. Det vil ikkje bli lagt til turmål i denne konkurransen i år.

Helsing Vaksdal Turlag

Se oversikt over alle turmål

Del dine bilder på Instagram med #trimpoeng og #vaksdalturlag

Mest aktive turgåere de siste syv dagene